Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 105:21-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Han sette han til herre over sitt hus,til herskar over all sin eigedom.

22. Han skulle rettleia kongens stormenn etter sin viljeog gje hans eldste sin visdom.

23. Så kom Israel til Egypt,Jakob vart innflyttar i Hams land.

24. Han gjorde folket sitt fruktbart,meir talrikt enn fienden.

25. Han vende deira hug så dei hata hans folkog fór med svik mot hans tenarar.

26. Han sende Moses, sin tenar,og Aron, som han hadde valt ut.

27. Dei gjorde hans under mellom deiog teikn i Hams land.

28. Han sende mørker, og det vart mørkt.Hadde dei ikkje trassa hans ord?

29. Han gjorde vatnet til blodog drap fisken.

30. Det krydde av frosk i landet,jamvel i kongens eigne rom.

31. Då han gav bod, kom det lusog insekt i heile landet.

32. Han gjorde regnet til haglog sende flammande eld i landet.

33. Han slo vinstokkane og fikentrea deira ned,han knuste kvart tre i landet.

34. Då han gav bod, kom det grashopperog sirissar utan tal.

35. Dei åt opp alt som voks i landet,dei åt opp grøda på marka.

36. Gud slo alle førstefødde i landet,førstegrøda av deira kraft.

37. Så førte han dei ut med sølv og gull,ingen i stammane hans snubla.

Les hele kapitlet Salmane 105