Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 105:16-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Han kalla hungersnaud over landetog braut sund kvar brødstav.

17. Han sende ein mann føre dei,Josef vart seld som slave.

18. Dei tvinga føtene hans i lenkjer,jern vart lagt om halsen,

19. heilt til det han sa, vart oppfyltog Herrens ord gav han rett.

20. Kongen sende bod og sette han fri,han som herska over folka, sleppte han laus.

21. Han sette han til herre over sitt hus,til herskar over all sin eigedom.

22. Han skulle rettleia kongens stormenn etter sin viljeog gje hans eldste sin visdom.

23. Så kom Israel til Egypt,Jakob vart innflyttar i Hams land.

24. Han gjorde folket sitt fruktbart,meir talrikt enn fienden.

25. Han vende deira hug så dei hata hans folkog fór med svik mot hans tenarar.

26. Han sende Moses, sin tenar,og Aron, som han hadde valt ut.

27. Dei gjorde hans under mellom deiog teikn i Hams land.

28. Han sende mørker, og det vart mørkt.Hadde dei ikkje trassa hans ord?

29. Han gjorde vatnet til blodog drap fisken.

30. Det krydde av frosk i landet,jamvel i kongens eigne rom.

31. Då han gav bod, kom det lusog insekt i heile landet.

Les hele kapitlet Salmane 105