Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 104:4-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Han gjer vindane til sine englarog logande eld til sine tenarar.

5. Han grunnla jorda på hennar søyler,aldri i æve skal ho rokkast.

6. Djupet dekte henne som ei kappe,vatnet stod over fjella.

7. Då du truga, rømde det,det flykta for lyden av di tore,

8. over fjell og ned i dalar,til staden du hadde fastsett.

9. Du sette ei grense det ikkje går over,det skal aldri meir dekkja jorda.

10. Du lèt kjelder strøyma fram i dalaneså bekker renn mellom fjella.

11. Dei gjev drikke til alle dyr på marka,ville esel får sløkkja tørsten.

12. Der finn fuglane under himmelen bustad,dei syng mellom greinene.

13. Han vatnar fjella frå sin høge sal.Jorda blir metta med frukta av di gjerning.

14. Du lèt graset spira fram for feetog vokstrar til nytte for mennesket.Du lèt brødet koma frå jorda,

15. vinen gjev mennesket glede.Du lèt andletet skina av olje,brødet gjev mennesket styrke.

16. Herrens tre får sløkkja tørsten,sedrane på Libanon, som han har planta.

17. Der byggjer fuglane reir,i sypressen har storken sitt hus.

Les hele kapitlet Salmane 104