Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 104:22-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Sola står opp, dei vender attendeog legg seg i sine hòler.

23. Då går mennesket ut til si gjerningog arbeider til kvelden kjem.

24. Herre, kor mange dine gjerningar er!Og alle har du gjort med visdom,jorda er full av det du ber fram.

25. Her er havet, stort og vidt,med ein vrimmel av dyr, små og store, utan tal.

26. Der stemner skipa fram,der er Leviatan, som du har skapt til å leika med.

27. Alle ventar på deg,at du skal gje dei mat i rett tid.

28. Du gjev, og dei sankar,du opnar handa, og dei blir metta med det gode.

29. Du løyner andletet, og dei blir gripne av redsle,du tek livsanden frå dei, då døyr deiog blir til støv att.

30. Du sender ut din Ande, og dei blir skapte,du gjer jorda ny.

31. Måtte Herrens ære vara evigog Herren gleda seg over sine gjerningar!

32. Han ser på jorda, og ho skjelv,han rører fjella, og dei står i røyk.

33. Eg vil syngja for Herren heile mitt liv,spela for min Gud så lenge eg er til.

34. Måtte orda mine gjera han glad!Eg vil gleda meg i Herren.

35. Lat syndarane kverva frå jordaog ingen urettferdige finnast meir!Velsign Herren, mi sjel!Halleluja!

Les hele kapitlet Salmane 104