Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 104:16-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Herrens tre får sløkkja tørsten,sedrane på Libanon, som han har planta.

17. Der byggjer fuglane reir,i sypressen har storken sitt hus.

18. Dei høge fjella har steinbukken fått,berga gjev grevlingen livd.

19. Han skapte månen til å syna tidene,og sola, som veit når ho skal gå ned.

20. Du sender mørker, og det blir natt.Då myldrar dei fram, alle dyr i skogen.

21. Unge løver brøler etter rov,dei krev si føde frå Gud.

22. Sola står opp, dei vender attendeog legg seg i sine hòler.

23. Då går mennesket ut til si gjerningog arbeider til kvelden kjem.

24. Herre, kor mange dine gjerningar er!Og alle har du gjort med visdom,jorda er full av det du ber fram.

25. Her er havet, stort og vidt,med ein vrimmel av dyr, små og store, utan tal.

26. Der stemner skipa fram,der er Leviatan, som du har skapt til å leika med.

Les hele kapitlet Salmane 104