Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 101:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Av David. Ein salme.Eg vil syngja om miskunn og rett, Herre, for deg vil eg syngja og spela.

2. Eg vil læra meg den fullkomne vegen.Når vil du koma til meg?Med heilt hjarte vil eg vandra i mitt hus.

3. Vondskap vil eg ikkje ha for auge, urett hatar eg,slikt held eg meg borte frå.

4. Svikefullt hjarte skal vika frå meg.Eg vil ikkje vita av det vonde.

5. Den som baktalar sin neste, vil eg gjera ende på.Stolte auge og eit hovmodig hjarte kan eg ikkje tola.

6. Auga mine ser til dei trufaste i landet, dei får bu hos meg.Den som går den fullkomne vegen, skal tena meg.

7. Den som fer med svik, får ikkje bu i mitt hus.Den som talar løgn, kan ikkje bli ståande for mine auge.

8. Kvar morgon gjer eg ende på dei urettferdige i landet.Alle som gjer urett, ryddar eg ut av Herrens by.

Les hele kapitlet Salmane 101