Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 10:2-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. I sitt hovmod jagar dei lovlause den som er hjelpelaus,men dei blir fanga av sine eigne listige knep.

3. Den lovlause skryter av alt han trår etter,den griske forbannar, ja, foraktar Herren.

4. Den lovlause set nasen i vêret.«Han krev meg ikkje til rekneskap!Det finst ingen Gud», er alt han tenkjer.

5. Likevel lukkast han alltid med det han gjer.Det du har fastsett, er for høgt og fjernt for han.Han fnyser forakteleg av alle som står imot han.

6. Han seier i sitt hjarte: «Eg skal ikkje vakla.Så lenge slekt følgjer slekt, skal ulukka aldri nå meg.»

7. Munnen hans er full av forbanning, av svik og vald,under tunga gøymer han skade og urett.

8. Han ligg i bakhald i landsbyane,i løynd drep han den skuldlause.Auga hans speidar etter den som er verjelaus.

9. Han ligg på lur som ei løve i krattet, der ingen ser han,han ligg på lur så han kan gripa den som er hjelpelaus.Han grip den hjelpelause og dreg han inn i garnet.

10. Han dukkar seg ned, han krøkjer seg saman,og den verjelause fell for hans overmakt.

11. «Gud gløymer», seier han til seg sjølv.«Gud løyner sitt andlet og ser aldri.»

12. Reis deg, Herre!Gud, lyft di hand!Gløym ikkje den som er hjelpelaus!

Les hele kapitlet Salmane 10