Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 8:4-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Så seier Herren over hærskarane:Atter skal gamle menn og kvinnersitja på torga i Jerusalem,alle med stav i handfordi dei er så gamle.

5. Torga i byen skal fyllastav gutar og jenter som leikar.

6. Så seier Herren over hærskarane:Om dette ser umogleg utfor dei som er att av folket på den tida,skulle det vera umogleg for meg?seier Herren over hærskarane.

7. Så seier Herren over hærskarane:Sjå, eg frelser folket mittfrå landet der sol går opp, og frå landet der sol går ned.

8. Eg fører dei inn,dei skal bu i Jerusalem,dei skal vera mitt folk,og eg skal vera deira Gudi truskap og rettferd.

9. Så seier Herren over hærskarane: Ta mot til dykk, de som i desse dagar høyrer orda frå munnen til profetane, som dei tala den dagen då grunnmuren vart lagd til huset til Herren over hærskarane, då tempelet skulle byggjast.

10. For før den tid hadde folk ikkje noko att for strevet sitt, og dyra fekk ingenting att for sitt. Verken den som gjekk eller den som kom, fekk vera i fred for fienden, for eg sleppte alle menneske laus på kvarandre.

11. Men no vil eg ikkje vera som før i tida mot dei som er att av dette folket, seier Herren over hærskarane.

12. For i fred skal såkornet veksa, vinstokken skal bera frukt, jorda gje grøde og himmelen dogg. Eg skal gje alt dette til eigedom for dei som er att av dette folket.

13. Slik de har vore ei forbanning mellom folkeslaga – du Judas hus og du Israels hus – slik skal de bli ei velsigning når eg frelser dykk. Ver ikkje redde, men ta mot til dykk!

14. For så seier Herren over hærskarane: Slik eg planla vondt mot dykk den gongen fedrane dykkar vekte harmen min, seier Herren over hærskarane, og eg ikkje angra,

15. slik har eg i desse dagar tvert om planlagt å gjera vel mot Jerusalem og Judas hus. Ver ikkje redde!

16. Dette er boda de skal halda:Snakk sant med kvarandre!Døm rett og sant i byportane,fell dommar som skaper fred.

17. Tenk ikkje ut vondt mot kvarandre i hjartet,elsk ikkje falsk eid!For alt slikt hatar eg,seier Herren.

18. Då kom ordet frå Herren over hærskarane til meg:

19. Så seier Herren over hærskarane: Fasta i den fjerde, femte, sjuande og tiande månaden skal bli til fryd og glede for Judas hus og til glade høgtidsdagar. Elsk sanning og fred!

20. Så seier Herren over hærskarane: Endå ein gong skal folka koma, dei som bur i store byar.

Les hele kapitlet Sakarja 8