Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 8:13-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Slik de har vore ei forbanning mellom folkeslaga – du Judas hus og du Israels hus – slik skal de bli ei velsigning når eg frelser dykk. Ver ikkje redde, men ta mot til dykk!

14. For så seier Herren over hærskarane: Slik eg planla vondt mot dykk den gongen fedrane dykkar vekte harmen min, seier Herren over hærskarane, og eg ikkje angra,

15. slik har eg i desse dagar tvert om planlagt å gjera vel mot Jerusalem og Judas hus. Ver ikkje redde!

16. Dette er boda de skal halda:Snakk sant med kvarandre!Døm rett og sant i byportane,fell dommar som skaper fred.

17. Tenk ikkje ut vondt mot kvarandre i hjartet,elsk ikkje falsk eid!For alt slikt hatar eg,seier Herren.

18. Då kom ordet frå Herren over hærskarane til meg:

19. Så seier Herren over hærskarane: Fasta i den fjerde, femte, sjuande og tiande månaden skal bli til fryd og glede for Judas hus og til glade høgtidsdagar. Elsk sanning og fred!

20. Så seier Herren over hærskarane: Endå ein gong skal folka koma, dei som bur i store byar.

Les hele kapitlet Sakarja 8