Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 8:11-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Men no vil eg ikkje vera som før i tida mot dei som er att av dette folket, seier Herren over hærskarane.

12. For i fred skal såkornet veksa, vinstokken skal bera frukt, jorda gje grøde og himmelen dogg. Eg skal gje alt dette til eigedom for dei som er att av dette folket.

13. Slik de har vore ei forbanning mellom folkeslaga – du Judas hus og du Israels hus – slik skal de bli ei velsigning når eg frelser dykk. Ver ikkje redde, men ta mot til dykk!

14. For så seier Herren over hærskarane: Slik eg planla vondt mot dykk den gongen fedrane dykkar vekte harmen min, seier Herren over hærskarane, og eg ikkje angra,

15. slik har eg i desse dagar tvert om planlagt å gjera vel mot Jerusalem og Judas hus. Ver ikkje redde!

16. Dette er boda de skal halda:Snakk sant med kvarandre!Døm rett og sant i byportane,fell dommar som skaper fred.

17. Tenk ikkje ut vondt mot kvarandre i hjartet,elsk ikkje falsk eid!For alt slikt hatar eg,seier Herren.

18. Då kom ordet frå Herren over hærskarane til meg:

19. Så seier Herren over hærskarane: Fasta i den fjerde, femte, sjuande og tiande månaden skal bli til fryd og glede for Judas hus og til glade høgtidsdagar. Elsk sanning og fred!

20. Så seier Herren over hærskarane: Endå ein gong skal folka koma, dei som bur i store byar.

21. Dei som bur i éin by, skal fara til ein annan og seia: «Kom, lat oss gå og be om velvilje for Herrens andlet, søkja Herren over hærskarane! Eg òg vil gå med.»

22. Mange folk og mektige folkeslag skal koma og søkja Herren over hærskarane i Jerusalem og be om velvilje for Herrens andlet.

23. Så seier Herren over hærskarane: I dei dagane skal ti mann av alle språk og folkeslag gripa tak i kappefliken til ein judeisk mann og seia: «Lat oss få gå med dykk, for vi har høyrt at Gud er med dykk.»

Les hele kapitlet Sakarja 8