Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 8:10-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. For før den tid hadde folk ikkje noko att for strevet sitt, og dyra fekk ingenting att for sitt. Verken den som gjekk eller den som kom, fekk vera i fred for fienden, for eg sleppte alle menneske laus på kvarandre.

11. Men no vil eg ikkje vera som før i tida mot dei som er att av dette folket, seier Herren over hærskarane.

12. For i fred skal såkornet veksa, vinstokken skal bera frukt, jorda gje grøde og himmelen dogg. Eg skal gje alt dette til eigedom for dei som er att av dette folket.

13. Slik de har vore ei forbanning mellom folkeslaga – du Judas hus og du Israels hus – slik skal de bli ei velsigning når eg frelser dykk. Ver ikkje redde, men ta mot til dykk!

14. For så seier Herren over hærskarane: Slik eg planla vondt mot dykk den gongen fedrane dykkar vekte harmen min, seier Herren over hærskarane, og eg ikkje angra,

15. slik har eg i desse dagar tvert om planlagt å gjera vel mot Jerusalem og Judas hus. Ver ikkje redde!

16. Dette er boda de skal halda:Snakk sant med kvarandre!Døm rett og sant i byportane,fell dommar som skaper fred.

17. Tenk ikkje ut vondt mot kvarandre i hjartet,elsk ikkje falsk eid!For alt slikt hatar eg,seier Herren.

18. Då kom ordet frå Herren over hærskarane til meg:

Les hele kapitlet Sakarja 8