1. Då kom ordet frå Herren over hærskarane:
2. Så seier Herren over hærskarane:Eg brenn for Sion med stor lidenskap,med stor harme brenn eg for henne.
3. Så seier Herren:Eg vender tilbake til Sion,eg vil bu i Jerusalem.Jerusalem skal kallast Den trufaste byen,og fjellet til Herren over hærskaraneskal kallast Det heilage fjellet.
4. Så seier Herren over hærskarane:Atter skal gamle menn og kvinnersitja på torga i Jerusalem,alle med stav i handfordi dei er så gamle.
5. Torga i byen skal fyllastav gutar og jenter som leikar.
6. Så seier Herren over hærskarane:Om dette ser umogleg utfor dei som er att av folket på den tida,skulle det vera umogleg for meg?seier Herren over hærskarane.
7. Så seier Herren over hærskarane:Sjå, eg frelser folket mittfrå landet der sol går opp, og frå landet der sol går ned.
8. Eg fører dei inn,dei skal bu i Jerusalem,dei skal vera mitt folk,og eg skal vera deira Gudi truskap og rettferd.
9. Så seier Herren over hærskarane: Ta mot til dykk, de som i desse dagar høyrer orda frå munnen til profetane, som dei tala den dagen då grunnmuren vart lagd til huset til Herren over hærskarane, då tempelet skulle byggjast.