Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 7:9-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Så seier Herren over hærskarane:Døm sant og rett,vis kjærleik og miskunn mot kvarandre!

10. De skal ikkje undertrykkja enkjer og farlause,innflyttarar og fattige!De skal ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjartet.

11. Men dei nekta å lytta, snudde ryggen til i trass og gjorde øyra døve.

12. Dei gjorde hjartet hardt som flint og ville ikkje høyra på lova og orda som Herren over hærskarane hadde sendt ved sin Ande gjennom dei tidlegare profetane. Då vart Herren over hærskarane mektig harm.

13. Når han ropa, ville dei ikkje høyra. «Så, når dei ropar, vil heller ikkje eg høyra», sa Herren over hærskarane.

Les hele kapitlet Sakarja 7