Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 7:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var i det fjerde styringsåret til kong Dareios. Herrens ord kom til Sakarja på den fjerde dagen i den niande månaden, i kislev.

2. Betel hadde sendt Sareser og Regem-Melek og mennene hans for å be om velvilje for Herrens andlet.

3. Dei skulle spørja prestane i huset til Herren over hærskarane og profetane: «Skal eg gråta og leva fråhaldande i den femte månaden, som eg har gjort i så mange år?»

4. Då kom ordet frå Herren over hærskarane til meg:

5. Sei til heile folket i landet og til prestane: «De har fasta og klaga i den femte og i den sjuande månaden, og det i sytti år, men var det meg de fasta for då?

6. De et og drikk, men er det ikkje for dykkar eigen del de et og drikk?»

7. Var det ikkje desse orda Herren ropa ut gjennom dei tidlegare profetane, den gongen folk budde trygt i Jerusalem og i byane rundt omkring henne, då det budde folk i Negev og låglandet?

8. Herrens ord kom til Sakarja:

9. Så seier Herren over hærskarane:Døm sant og rett,vis kjærleik og miskunn mot kvarandre!

10. De skal ikkje undertrykkja enkjer og farlause,innflyttarar og fattige!De skal ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjartet.

11. Men dei nekta å lytta, snudde ryggen til i trass og gjorde øyra døve.

Les hele kapitlet Sakarja 7