Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 4:4-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva er dette, herre?»

5. Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette er?» Eg sa: «Nei, herre.»

6. Då svara han:Dette er Herrens ord til Serubabel:Ikkje med makt og ikkje med kraft,men med min Ande,seier Herren over hærskarane.

7. Kven er vel du, store fjell?Framfor Serubabel skal du bli til ei slette.Han skal føra fram sluttsteinen under jubelrop:«Nåde, nåde vere med han!»

8. Herrens ord kom til meg:

9. Serubabels hender har tufta dette huset,og hendene hans skal fullføra det.Då skal du kjennaat Herren over hærskarane har sendt meg til dykk.

10. For dei som viste foraktden dagen det tok til i det små,skal gleda seg når dei får sjåblysteinen i Serubabels hand.– Dei sju, det er Herrens augesom fer over heile jorda.

11. Då tok eg til ords og spurde han: «Kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for lysestaken?»

12. Eg tok til ords for andre gong og spurde: «Kva tyder dei to olivenkvistene attmed dei to gullrøyra som leier den gylne oljen ned frå dei?»

Les hele kapitlet Sakarja 4