Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 2:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Eg sa: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal måla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»

7. Og sjå, engelen som tala med meg, gjekk fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han

8. og sa: Spring bort og sei til den unge mannen der:Jerusalem skal liggja utan murar,så mykje folk og buskap skal det vera i byen.

9. Eg skal sjølv vera ein eldmur kring byen,seier Herren,eg skal visa min herlegdom der inne.

10. Ve, ve! Røm frå landet i nord!seier Herren.Eg har spreidd dykk for himmelens fire vindar,seier Herren.

11. Ve deg, Sion,berg deg, du som bur hos dotter Babel!

12. For så seier Herren over hærskarane,den herlege, etter at han sende megtil folkeslaga som plyndra dykk:Den som rører dykk,rører ved min augnestein.

13. For sjå, eg lyfter handa mot dei,og dei blir til byttefor slavane sine.Då skal de kjennaat Herren over hærskarane har sendt meg.

14. Fryd deg, ver glad, dotter Sion!For sjå, eg kjem og tek bustad hos deg,seier Herren.

15. Mange folkeslagskal slutta seg til Herren den dagen.Dei skal vera mitt folk,og eg skal ta bustad hos deg.Då skal du kjennaat Herren over hærskarane har sendt meg til deg.

Les hele kapitlet Sakarja 2