Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 2:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – fire horn.

2. Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva er dette?» Han svara: «Dette er dei horna som har spreidd Juda, Israel og Jerusalem.»

3. Så viste Herren meg fire smedar.

4. Då spurde eg: «Kva er det dei kjem for å gjera?» Han svara: «Dette er horna som spreidde Juda så ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne for å setja skrekk i dei; dei skal slå til jorda horna på dei folkeslaga som lyfte horn mot Juda og spreidde det.»

5. Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – ein mann med målesnor i handa.

6. Eg sa: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal måla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»

7. Og sjå, engelen som tala med meg, gjekk fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han

8. og sa: Spring bort og sei til den unge mannen der:Jerusalem skal liggja utan murar,så mykje folk og buskap skal det vera i byen.

9. Eg skal sjølv vera ein eldmur kring byen,seier Herren,eg skal visa min herlegdom der inne.

10. Ve, ve! Røm frå landet i nord!seier Herren.Eg har spreidd dykk for himmelens fire vindar,seier Herren.

11. Ve deg, Sion,berg deg, du som bur hos dotter Babel!

12. For så seier Herren over hærskarane,den herlege, etter at han sende megtil folkeslaga som plyndra dykk:Den som rører dykk,rører ved min augnestein.

Les hele kapitlet Sakarja 2