Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 14:17-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Om nokon av slektene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, skal regnet ikkje falla over dei.

18. Det skal heller ikkje falla over egyptarane om dei ikkje fer opp og ikkje kjem. Dei skal råkast av same plaga som Herren lèt råka dei folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten.

19. Dette skal vera straffa for Egypt og alle folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten.

20. Den dagen skal det stå «Helga til Herren» på bjøllene til hestane, og grytene i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret.

21. Då skal alle grytene i Jerusalem og Juda vera helga til Herren over hærskarane. Og alle som ofrar, skal koma og ta av dei og koka i dei. Den dagen skal det ikkje lenger vera nokon som driv handel i huset til Herren over hærskarane.

Les hele kapitlet Sakarja 14