Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 14:11-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Der skal det bu folk. Byen skal ikkje vera bannlyst meir. Jerusalem skal liggja trygt.

12. Dette er den plaga Herren lèt råka alle dei folka om dei går til krig mot Jerusalem:Han skal la kjøtet rotna på deimedan dei enno står på føtene.Auga skal rotna i hòlene sineog tunga rotna i munnen på dei.

13. Den dagen kjem det ei stor Herrens forvirring over dei, så dei grip fatt i kvarandre og slåst mann mot mann.

14. Også Juda skal strida mot Jerusalem. – Rikdomen frå alle folkeslaga omkring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder. –

15. Den same plaga skal råka hesten, muldyret, kamelen, eselet og alle andre dyr som er i leirane.

16. Då skal dei som blir att av alle folkeslaga som kom mot Jerusalem, år etter år fara opp for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, og feira lauvhyttefesten.

17. Om nokon av slektene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, skal regnet ikkje falla over dei.

18. Det skal heller ikkje falla over egyptarane om dei ikkje fer opp og ikkje kjem. Dei skal råkast av same plaga som Herren lèt råka dei folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten.

19. Dette skal vera straffa for Egypt og alle folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten.

Les hele kapitlet Sakarja 14