Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 14:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal dei dela krigsbyttet dei røva hos deg.

2. Eg vil samla alle folkeslaga til krig mot Jerusalem. Byen skal bli teken, husa plyndra og kvinnene valdtekne. Halve byen må gå i eksil, men resten av folket skal ikkje ryddast ut frå byen.

3. Herren skal fara ut og føra krig mot desse folkeslaga slik han før har ført krig på stridens dag.

4. Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget som ligg rett mot Jerusalem, i aust. Oljeberget skal rivna i to frå aust til vest, og det skal bli ein veldig dal. Den eine halvparten av fjellet vik mot nord og den andre mot sør.

5. Då skal de rømma gjennom fjelldalen min, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. De skal rømma slik de rømde for jordskjelvet i dei dagane då Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma, og alle dei heilage med han.

6. Den dagen skal det ikkje vera lys, berre kulde og frost.

7. Det skal vera éin lang dag – Herren kjenner han – ikkje dag og natt, ved kveldstid skal det vera lyst.

8. Den dagen skal det renna levande vatn ut frå Jerusalem, halvparten til havet i aust, halvparten til havet i vest. Slik skal det vera både sommar og vinter.

9. Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans eitt.

10. Heile landet skal bli som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamin-porten til den staden der Gamleporten var, til Hjørneporten, frå Hananel-tårnet til kongens vinpresser.

11. Der skal det bu folk. Byen skal ikkje vera bannlyst meir. Jerusalem skal liggja trygt.

12. Dette er den plaga Herren lèt råka alle dei folka om dei går til krig mot Jerusalem:Han skal la kjøtet rotna på deimedan dei enno står på føtene.Auga skal rotna i hòlene sineog tunga rotna i munnen på dei.

13. Den dagen kjem det ei stor Herrens forvirring over dei, så dei grip fatt i kvarandre og slåst mann mot mann.

14. Også Juda skal strida mot Jerusalem. – Rikdomen frå alle folkeslaga omkring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder. –

Les hele kapitlet Sakarja 14