Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 13:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den dagen skal det vera ei open kjelde for Davids hus og for dei som bur i Jerusalem, til å reinsa bort synd og ureinskap.

2. Den dagen, seier Herren over hærskarane, slettar eg ut namna på avgudane frå landet, så dei aldri skal minnast meir. Jamvel profetane og den ureine ånda vil eg få bort frå landet.

3. Om nokon framleis talar profetisk, skal far og mor hans, som sette han til verda, seia til han: «Du får ikkje leva, for du har tala løgn i Herrens namn.» Og far og mor hans, som sette han til verda, skal stikka han ned fordi han har tala profetisk.

Les hele kapitlet Sakarja 13