Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 11:11-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Og ho vart broten den dagen. Då skjøna sauehandlarane som vakta på meg, at dette var Herrens ord.

12. Eg sa til dei: «Om de finn det for godt, så gjev meg løna mi. Dersom ikkje, så lat det vera.» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.

13. Men Herren sa til meg: «Kast dei inn i skattkammeret, den kostelege summen eg er verd for dei.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, i skattkammeret.

14. Så knekte eg av den andre staven, Semje, for å bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15. Herren sa til meg: «Utstyr deg no som ein duglaus gjetar!

16. For sjå, eg reiser opp ein gjetar i landet.Han leitar ikkje etter dei tapte,søkjer ikkje opp dei spreidde,lækjer ikkje dei skadde,fôrar ikkje dei friske,men et kjøtet av dei beste dyraog kløyver til og med klauvene på dei.»

17. Ve den dårlege gjetaren minsom forlèt flokken!Sverd mot hans arm,mot hans høgre auge!Armen skal visna,høgre auge blindast.

Les hele kapitlet Sakarja 11