Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 11:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Lat opp dørene, Libanon,så eld kan øyda dine sedertre!

2. Klag, du sypress!For sederen er fallen,dei veldige trea øydelagde.Klag, de eiketre i Basan!For den tette skogen er felt.

3. Høyr kor gjetarane klagar,for herlegdomen deira er øydelagd.Høyr kor dei unge løvene brøler,for det Jordan er stolt av, er lagt øyde.

4. Så seier Herren min Gud: «Gjet slaktesauene!»

5. Kjøparane slaktar dei uten å kjenna skuld,seljarane seier: «Velsigna er Herren, eg vart rik!»og deira eigne gjetarar sparer dei ikkje.

6. «For eg vil ikkje lenger spara dei som bur i landet», seier Herren.«Sjå, eg gjev menneska over i hendene på kvarandreog i hendene på kongen deira.Dei skal knusa landet,og eg vil ikkje berga nokon frå deira hand.»

7. Så gjette eg slaktesauene for sauehandlarane.Eg tok meg to stavar.Den eine kalla eg Godvilje,den andre kalla eg Semje,og eg gjette sauene. –

8. Eg rydda av vegen dei tre gjetarane på ein månad.Eg mista tolmodet med sauene,og dei vart trøytte av meg òg.

Les hele kapitlet Sakarja 11