Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 10:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Be Herren om regni tida for vårregnet. Herren skaper uvêrsskyer,gjev menneska regnskurerog vokstrar på marka.

2. For terafane har tala tomme ord,spåmennene har hatt falske synog fortalt draumar utan innhald.Trøysta dei gav, var ingenting verd.Difor måtte dei driva omkring som sauerog lida naud,for dei var utan gjetar.

3. Mot gjetarane logar harmen min,og bukkane vil eg straffa.Men Herren over hærskaranevil sjå til flokken sin, Judas hus,og gjera dei til sin stolte stridshest.

4. Derifrå kjem hjørnesteinen,derifrå kjem teltpluggen,derifrå kjem stridsbogen,derifrå skal kvar herskar koma.

5. Dei skal likna heltar i striden,trampa fienden ned som søle i gata.Dei skal føra krig,for Herren er med dei.Ryttarane skal bli til skamme.

6. Eg vil gjera Judas hus sterkt,og Josefs hus bergar eg.Eg fører dei tilbake,for eg viser dei miskunn.Det skal verasom om eg aldri hadde støytt dei bort,for eg er Herren deira Gud,eg skal svara dei.

7. Dei skal vera som heltar frå Efraim,hjartet deira skal gleda seg som av vin.Borna skal sjå det og gleda segog hjarta deira jubla i Herren.

Les hele kapitlet Sakarja 10