Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 1:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I den åttande månaden i det andre styringsåret til Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, son til Iddo:

2. Herren var harm på fedrane dykkar.

3. Du skal seia til folket: Så seier Herren over hærskarane: Vend attende til meg, seier Herren over hærskarane, så vil eg venda attende til dykk, seier Herren over hærskarane.

4. Ver ikkje lik fedrane dykkar. Dei tidlegare profetane ropa ut for dei: «Så seier Herren over hærskarane: Vend no om frå dei vonde vegane og dei vonde gjerningane dykkar!» Men dei høyrde ikkje og lytta ikkje til meg, seier Herren.

5. Fedrane dykkar, kvar er dei? Og profetane, lever dei evig?

6. Dei boda og forskriftene som eg påla tenarane mine, profetane, har ikkje dei nådd fedrane dykkar? Så vende dei om og sa: «Herren over hærskarane har gjort det han hadde sett seg føre å gjera med oss, slik vår ferd og våre gjerningar har fortent.»

7. På den tjuefjerde dagen i den ellevte månaden, det er månaden sjebat, i det andre året til Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, son til Iddo:

8. I natt såg eg, og sjå! – ein mann sat på ein raud hest som stod mellom myrtebuskane i kløfta. Bak han var det raude, raudbrune og kvite hestar.

9. Då sa eg: «Kva med desse, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal visa deg kva dette er.»

Les hele kapitlet Sakarja 1