Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Boas tek Rut til ekte

1. Boas gjekk opp til byporten og sette seg der. Nett då kom løysingsmannen som Boas hadde snakka om, forbi. Boas kalla han ved namn og sa: «Kom og set deg her!» Så gjekk han dit og sette seg.

2. Boas såg seg ut ti menn av dei eldste i byen og sa: «Set dykk her!» Og dei sette seg.

3. Så sa han til løysingsmannen: «Noomi, ho som er komen tilbake frå Moab, vil selja det jordstykket som Elimelek, slektningen vår, eigde.

4. Eg tenkte eg ville gjera deg kjend med dette og seia: Kjøp det i påsyn av dei som sit her, i påsyn av dei eldste i folket mitt! Vil du løysa det inn, så løys det inn. Men vil du ikkje, så sei det til meg, så eg veit det. For det er ingen ved sida av deg til å løysa det inn, men eg har retten nest etter deg.» Han svara: «Eg vil løysa det inn.»

5. Då sa Boas: «Den dagen du tek over åkeren av Noomi, tek du òg over moabittkvinna Rut, kona til han som døydde, slik at namnet til den døde kan leva vidare og jorda gå vidare i arv.»

6. Løysingsmannen svara: «Då kan eg ikkje løysa han til meg, for då spiller eg arven til mine eigne born. Løys du til deg sjølv det eg skulle løysa, for eg kan ikkje gjera det!»

7. I gamle dagar i Israel var skikken slik når det gjaldt innløysing og bytehandel, at for å stadfesta ei sak skulle ein dra sandalen av seg og gje sandalen til den andre. Slik vart ei sak vitnefast i Israel.

8. Løysingsmannen sa til Boas: «Kjøp det du!» Og med det same drog han sandalen sin av.

9. Då sa Boas til dei eldste og alt folket: «De er i dag vitne på at eg kjøper av handa til Noomi alt det som høyrde Elimelek til, og alt som høyrde Kiljon og Mahlon til.

10. Eg tek òg moabittkvinna Rut, kona til Mahlon, til ekte, slik at namnet til den døde kan leva vidare og odelen haldast i hevd. Slik vil namnet til han som døydde, ikkje bli sletta ut av slekta hans og gløymt i porten på heimstaden hans. Dette er de vitne på i dag.»

11. Alt folket og dei eldste som var i byporten, svara: «Ja, vi er vitne. Måtte Herren la den kvinna som no kjem inn i huset ditt, bli som Rakel og som Lea, dei to som bygde Israels hus! Syn di kraft i Efrata og vinn deg eit namn i Betlehem!

12. Måtte etterkomarane Herren gjev deg med denne unge kvinna, gje deg ei ætt som ætta til Peres, han som Tamar fødde til Juda!»

Rut blir stammor til David

13. Boas tok Rut heim til seg, og ho vart kona hans. Då han kom saman med henne, lét Herren henne bli med barn, og ho fødde ein son.

14. Då sa kvinnene til Noomi:«Velsigna er Herrensom lét deg få ein løysingsmann i dag!Namnet hans skal bli stort i Israel.

15. Han skal gje deg nytt livsmotog sørgja for deg i alderdomen din.For svigerdotter di, som held slik av deg, har fødd denne sonen.Ho er meir for deg enn sju søner.»

16. Så tok Noomi guten og la han på fanget sitt. Ho vart fostermor hans.

17. Nabokonene gav han namn og sa: «Noomi har fått ein son!» Dei kalla han Obed. Han fekk sonen Isai, som vart far til David.

18. Dette er etterkomarane av Peres: Peres fekk sonen Hesron,

19. Hesron fekk sonen Ram, og Ram fekk sonen Amminadab,

20. Amminadab fekk sonen Nahsjon, og Nahsjon fekk sonen Salma,

21. Salma fekk sonen Boas, og Boas fekk sonen Obed,

22. Obed fekk sonen Isai, og Isai fekk sonen David.