Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 3:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Noomi, svigermor til Rut, sa til henne: «Dotter mi! Skulle eg ikkje sjå til å finna ein heim til deg så du kan få det godt?

2. Høyr, Boas er då slektningen vår, og det er tenestejentene hans du har vore i lag med. No i natt hiv han bygg på treskjeplassen.

3. Du skal vaska deg og salva deg. Ta så på deg finkleda og gå ned til treskjeplassen. Men gjev deg ikkje til kjenne for mannen før han er ferdig med å eta og drikka!

4. Når han legg seg, skal du merka deg staden der han ligg. Gå så bort, ta teppet vekk frå føtene hans og legg deg der! Så vil han sjølv seia deg kva du skal gjera.»

5. Då svara ho: «Eg skal gjera alt du seier.»

Les hele kapitlet Rut 3