Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 2:15-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Då ho reiste seg for å sanka, gav Boas denne beskjeden til tenestefolka: «Også mellom kornbanda kan ho sanka. Plag henne ikkje!

16. Ja, de kan dra aks ut or kornbanda og la dei liggja att, så ho kan plukka dei opp. Ingen må truga henne.»

17. Så sanka Rut aks på åkeren heilt til kvelden. Då ho banka kornet ut or aksa, vart det om lag ein efa bygg.

18. Ho bar det med seg inn til byen, og svigermor hennar fekk sjå det ho hadde sanka. Så tok Rut fram det ho hadde til overs etter at ho hadde ete seg mett, og gav henne det.

19. Då sa svigermor hennar: «Kvar har du sanka i dag, og kvar har du arbeidd? Velsigna er han som har vilja kjennast ved deg!» Så fortalde ho svigermora kven ho hadde arbeidd hos. Ho sa: «Den mannen eg arbeidde hos i dag, heiter Boas.»

20. Då sa Noomi til svigerdottera: «Han skal vera velsigna av Herren, som ikkje har halde opp med å visa miskunn, verken mot dei levande eller dei døde!» Og Noomi la til: «Den mannen er i slekt med oss. Han er ein av løysingsmennene våre.»

21. Då sa Rut, moabittkvinna: «Han sa òg til meg: Hald deg til mine folk heilt til dei er ferdige med heile mi skurdonn.»

22. Då sa Noomi til Rut, svigerdotter si: «Det er godt, dotter mi, at du går saman med tenestejentene hans, så du slepp å lida vondt på annan manns åker.»

23. Så heldt ho lag med tenestejentene til Boas og sanka aks til bygghausten og kveitehausten var over. Og ho vart buande hos svigermor si.

Les hele kapitlet Rut 2