Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 2:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Noomi hadde ein slektning på sida til mannen hennar, ein mektig og velståande mann av Elimeleks slekt. Han heitte Boas.

2. Ein dag sa Rut, moabittkvinna, til Noomi: «Lat meg gå ut på åkeren og sanka kornaks etter ein som vil visa meg velvilje.» Ho svara: «Gå du, dotter mi!»

3. Så gjekk ho ut på åkeren og sanka aks etter skurdfolket. Og det trefte seg slik at åkerstykket ho sanka på, høyrde Boas av Elimelek-slekta til.

4. Boas var nett komen frå Betlehem. Han sa til skurdfolket: «Herren vere med dykk!» Dei svara han: «Herren velsigne deg!»

5. Boas spurde oppsynsmannen over skurdfolket: «Kven høyrer denne unge kvinna til?»

6. Oppsynsmannen svara: «Det er den unge moabittkvinna som kom tilbake med Noomi frå Moab.

7. Ho bad: Lat meg få plukka og sanka aks mellom kornbanda etter skurdfolket! Ho kom i dag tidleg og har stått her heilt til no. Berre ei lita stund har ho vore inne og kvilt seg.»

8. Då sa Boas til Rut: «Høyr, dotter mi! Sank ikkje aks på nokon annan åker. Gå ikkje herifrå, men hald deg til mine tenestejenter.

9. Sjå kvar på åkeren skurdfolka arbeider, og følg etter dei! Eg vil byda karane at dei ikkje får røra deg. Blir du tørst, så gå bort til krukkene og drikk av det som tenestefolket auser opp.»

10. Då kasta ho seg ned med andletet mot jorda og sa til han: «Kvifor ser du på meg med velvilje og tek imot meg, endå eg er ein framand?»

11. Boas svara henne: «Dei fortalde meg meir enn éin gong om alt du gjorde for svigermor di etter at mannen din døydde. Du forlét far din og mor di og fedrelandet ditt og drog til eit folk du ikkje kjende frå før.

12. Herren skal løna deg for det du har gjort! Måtte du få fullt vederlag frå Herren, Israels Gud, no når du er komen for å søkja ly under hans venger.»

Les hele kapitlet Rut 2