Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 1:8-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Men Noomi sa til dei to svigerdøtrene sine: «Vend attende, gå, kvar til si mors hus! Måtte Herren vera god mot dykk, slik de har vore gode mot dei døde og mot meg!

9. Måtte Herren la dykk begge finna ein trygg heim, kvar i sin manns hus!» Så kyste ho dei. Men dei brast i gråt

10. og sa til henne: «Nei, vi vil følgja deg attende til folket ditt.»

11. Men Noomi sa: «Vend attende, døtrene mine! Kvifor vil de følgja med meg? Skulle eg enno føda søner de kan få til menn?

12. Vend attende, døtrene mine, gå no! Eg er for gammal til å gifta meg att. Og sjølv om eg tenkte at eg enno har von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og så fødde søner,

13. skulle så de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, døtrene mine! Det er mykje bitrare for meg enn for dykk, for det er meg Herrens hand har råka.»

14. Då tok dei til å gråta att, og Orpa kyste svigermor si til avskil. Men Rut klyngja seg til henne.

15. Då sa Noomi: «Sjå, no vender svigerinna di attende til folket sitt og guden sin. Vend attende, du òg. Følg henne!»

16. Men Rut svara: «Tving meg ikkje til å skiljast frå deg og venda attende, for:Der du går, vil eg gå,og der du bur, vil eg bu.Ditt folk er mitt folk,og din Gud er min Gud.

Les hele kapitlet Rut 1