Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 1:12-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Vend attende, døtrene mine, gå no! Eg er for gammal til å gifta meg att. Og sjølv om eg tenkte at eg enno har von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og så fødde søner,

13. skulle så de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, døtrene mine! Det er mykje bitrare for meg enn for dykk, for det er meg Herrens hand har råka.»

14. Då tok dei til å gråta att, og Orpa kyste svigermor si til avskil. Men Rut klyngja seg til henne.

15. Då sa Noomi: «Sjå, no vender svigerinna di attende til folket sitt og guden sin. Vend attende, du òg. Følg henne!»

16. Men Rut svara: «Tving meg ikkje til å skiljast frå deg og venda attende, for:Der du går, vil eg gå,og der du bur, vil eg bu.Ditt folk er mitt folk,og din Gud er min Gud.

17. Der du døyr, vil eg døy,og der vil eg bli gravlagd.Måtte Herren la det gå meg illebåde no og sidanom noko anna enn daudenskal skilja meg frå deg!»

18. Då Noomi såg at ho stod fast på sitt og ville vera med henne, tala ho ikkje meir til henne om det.

19. Så gjekk dei vidare til dei kom til Betlehem. Og då dei kom dit, vart det oppstyr i byen for deira skuld, og kvinnene sa: «Er dette Noomi?»

20. Men ho sa til dei: «Kall meg ikkje Noomi! Kall meg heller Mara! For Den veldige har gjort livet beiskt for meg.

21. Rik drog eg bort, fattig har Herren late meg venda attende. Kvifor kallar de meg Noomi når Herren har vitna mot meg, og når Den veldige har late det gå meg så ille?»

22. Så kom då Noomi heim att, og sonekona, moabittkvinna Rut, var med henne då ho vende attende frå slettelandet i Moab. Dei kom til Betlehem då bygghausten byrja.

Les hele kapitlet Rut 1