Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 1:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I dei dagane då dommarane styrte, vart det ein gong hungersnaud i landet. Då fór ein mann frå Betlehem i Juda i veg med kona si og dei to sønene sine for å slå seg ned i slettelandet Moab.

2. Mannen heitte Elimelek, kona Noomi og dei to sønene Mahlon og Kiljon. Dei var av Efrat-slekta, frå Betlehem i Juda. No kom dei til Moab og vart verande der.

3. Så døydde Elimelek, mannen til Noomi, og ho sat att med dei to sønene sine.

4. Dei tok seg moabittiske koner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Dei vart buande der i om lag ti år.

5. Så døydde òg dei to sønene, Mahlon og Kiljon, og Noomi sat att åleine, utan søner og utan mann.

6. Då tok ho ut saman med svigerdøtrene sine for å venda heim frå slettelandet i Moab. For ho hadde høyrt i Moab at Herren hadde teke seg av folket sitt og gjeve det brød.

Les hele kapitlet Rut 1