Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 8:7-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Tunga mi talar sanning,og leppene avskyr urett.

8. Kvart ord frå min munn talar om rettferd,dei er ikkje svikefulle og falske.

9. Dei er gode for den som forstår,og rette for den som finn kunnskap.

10. Ta imot mi formaning heller enn sølvog kunnskap framfor utvalt gull.

11. For Visdomen er betre enn perler,av alle skattar er ingen som ho.

12. Eg, Visdomen, bur i lag med klokskap;kunnskap og omtanke finst hos meg.

13. Å frykta Herren er å hata det vonde.Eg hatar hovmod og stormod,den vonde vegen og all svikefull tale.

14. Meg høyrer råd og klokskap til,innsikt er eg, og styrke har eg.

15. Ved meg herskar kongar,og fyrstar fastset kva som er rett.

16. Ved meg rår fyrstar og stormenn,alle som styrer rettferdig.

17. Eg elskar dei som elskar meg,og dei som leitar, finn meg.

18. Hos meg er velstand og prakt,rettferd og varig rikdom.

19. Mi frukt er betre enn det finaste gull,den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sølv.

20. Eg går på rettferds veg,held meg på dei rette stigar.

Les hele kapitlet Ordtaka 8