Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 8:30-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Eg var byggmeister hos han.Eg var til glede for han dag etter dagog leika meg støtt for hans andlet.

31. Eg leika på hans vide jordog gledde meg med menneska.

32. Så høyr no på meg, born!Sæle er dei som følgjer mine vegar.

33. Høyr på formaninga og bli vise,forakt henne ikkje!

34. Sælt er det mennesket som høyrer på meg,som dagleg vaker ved dørene mineog held vakt ved portane mine.

35. For den som finn meg, finn livetog vinn velvilje hos Herren.

36. Men den som ikkje finn meg, skader si sjel.Alle som hatar meg, elskar døden.

Les hele kapitlet Ordtaka 8