Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 8:21-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Eg gjev rikdom i eige til dei som elskar meg,og fyller skattkammera deira.

22. Herren bar meg fram som sitt første verk,før hans gjerningar i fjerne tider.

23. Frå eldgammal tid vart eg forma,i opphavet, før jorda vart til.

24. Eg vart fødd då djupa ikkje fanstog dei vassrike kjeldene ikkje var til.

25. Før fjella vart sette på plass,før høgdene vart eg fødd.

26. Han hadde enno ikkje laga jorda og markaog dei første støvkorn på landjorda.

27. Eg var der då han grunnfeste himmelenog rissa opp himmelranda over djupet,

28. då han gav kraft til skyene der oppeog kjeldene i djupet fekk styrke,

29. då han sette grense for havetså vatnet stansa der han baud,då han rissa opp grunnvollane under jorda.

30. Eg var byggmeister hos han.Eg var til glede for han dag etter dagog leika meg støtt for hans andlet.

31. Eg leika på hans vide jordog gledde meg med menneska.

32. Så høyr no på meg, born!Sæle er dei som følgjer mine vegar.

33. Høyr på formaninga og bli vise,forakt henne ikkje!

34. Sælt er det mennesket som høyrer på meg,som dagleg vaker ved dørene mineog held vakt ved portane mine.

35. For den som finn meg, finn livetog vinn velvilje hos Herren.

Les hele kapitlet Ordtaka 8