Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 8:2-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Visdomen stiller seg på toppen av høgdene,ved vegen, der stigane møtest.

3. Ved portane inn til byen,der folk går inn, ropar ho høgt:

4. Eg ropar til dykk, de menn,mi røyst når ut til menneska.

5. Lær dykk klokskap, de urøynde,få forstand i hjartet, de dårar!

6. Høyr, eg talar om det som er edelt,frå leppene mine kjem ærlege ord.

7. Tunga mi talar sanning,og leppene avskyr urett.

8. Kvart ord frå min munn talar om rettferd,dei er ikkje svikefulle og falske.

9. Dei er gode for den som forstår,og rette for den som finn kunnskap.

10. Ta imot mi formaning heller enn sølvog kunnskap framfor utvalt gull.

11. For Visdomen er betre enn perler,av alle skattar er ingen som ho.

12. Eg, Visdomen, bur i lag med klokskap;kunnskap og omtanke finst hos meg.

13. Å frykta Herren er å hata det vonde.Eg hatar hovmod og stormod,den vonde vegen og all svikefull tale.

14. Meg høyrer råd og klokskap til,innsikt er eg, og styrke har eg.

15. Ved meg herskar kongar,og fyrstar fastset kva som er rett.

16. Ved meg rår fyrstar og stormenn,alle som styrer rettferdig.

Les hele kapitlet Ordtaka 8