Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 7:4-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Sei til Visdomen: «Du er syster mi»,kall innsikt for din nære slektning.

5. Så vaktar dei deg mot annan manns kone,ei framand kvinne som lokkar så fint.

6. Eg stod ved vindauget i huset mitt,kikka ut gjennom gitterverket.

7. Då såg eg han blant dei urøynde,la merke til han mellom dei unge,ein ung mann utan forstand.

8. Han gjekk over gata ved hennar hjørneog styrte stega mot huset hennar.

9. I skumringa var det, om kvelden,då nattemørkret fall på.

10. Då kjem kvinna imot han,kledd som ei hore, med listig hjarte.

11. Rastlaus er ho, og ustyrleg,heime har føtene inga ro.

12. Snart er ho på gata og snart på torget,ved kvart eit gatehjørne står ho på lur.

13. Ho tek tak i han og kysser han,med ei frekk mine seier ho:

14. «Eg hadde lova å bera fram eit fredsoffer,i dag har eg halde lovnaden min.

Les hele kapitlet Ordtaka 7