Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 5:7-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Og no, høyr på meg, mine søner,vik ikkje av frå dei orda eg talar!

8. Lat vegen din vera langt frå henne,kom ikkje nær til hennar dør!

9. Elles må du gje di kraft til andre,dine år til ein nådelaus herre.

10. Andre får metta seg av det du eig,det du vann med ditt strev, går til framand manns hus.

11. Så må du stønna når slutten kjem,når din kropp og ditt kjøt tærest bort

12. og du må seia: «Korleis kunne eg hata formaningog hjartet mitt forakta ord som viste til rette!

13. Eg høyrde ikkje på dei som rettleidde meg,og lytta ikkje til lærarane mine.

14. Det var nesten gått meg ille,og det framfor heile forsamlinga!»

Les hele kapitlet Ordtaka 5