Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 5:16-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Skulle kjeldene dine renna utsom rennande vatn på torga?

17. Dei skal vera berre for degog ikkje delast med framande.

18. Velsigna vere di eiga kjelde!Gled deg over din ungdoms kvinne,

19. ei lysten hind, ei smidig fjellgeit.Drikk deg alltid utørst ved hennar bryst,lat hennar kjærleik stadig gjera deg ør!

20. Kvifor, min son, bli ør av ei anna kvinne,kvifor ta framand kvinne i famn?

21. For Herrens auge ser kvar mannen går,og gjer alle hans stigar jamne.

22. Den urettferdige blir fanga av si eiga skuld,syndene held han fast som reip.

23. Han døyr fordi han ikkje lét seg formana,i sin store dumskap fer han vill.

Les hele kapitlet Ordtaka 5