Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 5:14-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Det var nesten gått meg ille,og det framfor heile forsamlinga!»

15. Drikk vatn av din eigen brønn,det som flyt frå di eiga kjelde!

16. Skulle kjeldene dine renna utsom rennande vatn på torga?

17. Dei skal vera berre for degog ikkje delast med framande.

18. Velsigna vere di eiga kjelde!Gled deg over din ungdoms kvinne,

19. ei lysten hind, ei smidig fjellgeit.Drikk deg alltid utørst ved hennar bryst,lat hennar kjærleik stadig gjera deg ør!

20. Kvifor, min son, bli ør av ei anna kvinne,kvifor ta framand kvinne i famn?

21. For Herrens auge ser kvar mannen går,og gjer alle hans stigar jamne.

Les hele kapitlet Ordtaka 5