Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 5:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Son min, gjev akt på min visdom,vend øyret til mi innsikt,

2. så du tek vare på omtankeog leppene held på kunnskap.

3. Honning dryp frå leppene til ei framand kvinne,sleipare enn olje er munnen hennar.

4. Men ettersmaken blir beisk som malurt,kvass som eit tvieggja sverd.

5. Føtene hennar stig ned i døden,beint til dødsriket går hennar steg.

6. Ho banar seg ikkje ein veg som gjev liv,ho vinglar vegvill, men veit det ikkje.

7. Og no, høyr på meg, mine søner,vik ikkje av frå dei orda eg talar!

8. Lat vegen din vera langt frå henne,kom ikkje nær til hennar dør!

Les hele kapitlet Ordtaka 5