Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 4:3-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Då eg var barn heime hos far,ein sart liten gut, den einaste hos mor,

4. då lærte han meg:«Hjartet ditt skal halda fast ved mitt ord,hald boda mine, så skal du leva!

5. Kjøp deg visdom, kjøp deg innsikt!Gløym ikkje orda frå min munn,snu deg ikkje frå dei.

6. Forlat ikkje Visdomen, så vaktar ho deg,elsk henne, så vernar ho deg.

7. Visdom er viktigast. Kjøp deg visdom,kjøp deg innsikt med alt du eig!

8. Set henne høgt, så lyfter ho deg.Ta henne i famn, så gjev ho deg ære.

9. Ho set ein vakker krans på hovudet dittog gjev deg ei strålande krone.»

10. Høyr etter, son, ta imot mine ord,så blir dine leveår mange.

11. Visdoms veg lærer eg degog fører deg på dei rette stigar.

12. Når du går, skal ingenting hindra foten,når du spring, skal du aldri snubla.

13. Hald fast ved formaninga, slepp henne ikkje,ta vare på henne, for ho er ditt liv.

14. På stigen åt urettferdige må du ikkje gå inn,følg ikkje vegen dei vonde går!

15. Sky han og hald deg unna,vend deg frå han og gå utanom!

16. Dei urettferdige får ikkje sovaom dei ikkje har gjort noko vondt.Har dei ikkje ført nokon til fall,blir dei liggjande søvnlause.

17. Urett er brødet dei et,vald er vinen dei drikk.

18. Men dei rettferdiges stig er lik morgonròden,som veks og klårnar mot høglys dag.

Les hele kapitlet Ordtaka 4