Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 4:19-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Vegen åt urettferdige er som kolmørkret;dei veit ikkje kva dei kan snubla i.

20. Son min, lytt når eg talar,vend øyret til mine ord!

21. Slepp dei aldri av syne,gøym dei djupt i hjartet!

22. Dei er liv for den som finn dei,og gjev helse til heile kroppen.

23. Ta vare på hjartet framfor alt,for livet går ut frå det.

24. Lat aldri munnen tala falske ord,hald leppene borte frå svik!

25. Lat auga dine sjå beint fram,fest blikket på det som ligg framføre!

26. Gjer stigen jamn der foten skal gå,då blir alle dine vegar trygge.

27. Vik ikkje av til høgre eller venstre,hald foten din borte frå det vonde!

Les hele kapitlet Ordtaka 4