Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 4:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Når du går, skal ingenting hindra foten,når du spring, skal du aldri snubla.

13. Hald fast ved formaninga, slepp henne ikkje,ta vare på henne, for ho er ditt liv.

14. På stigen åt urettferdige må du ikkje gå inn,følg ikkje vegen dei vonde går!

15. Sky han og hald deg unna,vend deg frå han og gå utanom!

16. Dei urettferdige får ikkje sovaom dei ikkje har gjort noko vondt.Har dei ikkje ført nokon til fall,blir dei liggjande søvnlause.

17. Urett er brødet dei et,vald er vinen dei drikk.

18. Men dei rettferdiges stig er lik morgonròden,som veks og klårnar mot høglys dag.

19. Vegen åt urettferdige er som kolmørkret;dei veit ikkje kva dei kan snubla i.

20. Son min, lytt når eg talar,vend øyret til mine ord!

21. Slepp dei aldri av syne,gøym dei djupt i hjartet!

22. Dei er liv for den som finn dei,og gjev helse til heile kroppen.

23. Ta vare på hjartet framfor alt,for livet går ut frå det.

24. Lat aldri munnen tala falske ord,hald leppene borte frå svik!

Les hele kapitlet Ordtaka 4