Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 31:26-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Ho opnar munnen med visdom,kjærleg rettleiing har ho på tunga. Tsade צ

27. Ho ser etter korleis det går i huset,og et ikkje latskaps brød. Qof ק

28. Borna stig fram og prisar henne lukkeleg,mannen gjev henne ros: Resj ר

29. «Mange kvinner har vist at dei er dugande,men du overgår dei alle.» Sjin ש

30. Ynde sviktar, og venleik forgår,men ei kvinne som fryktar Herren, skal ha ros. Taw ת

31. Pris henne for frukta av arbeidet hennar,gjerningane skal gje henne ros i byens portar.

Les hele kapitlet Ordtaka 31