Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 31:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ord frå kong Lemuel, lærdom mor hans gav han.

2. Min son,du son som eg bar,min lovnads-son:

3. Gjev ikkje di kraft til kvinner,ditt liv til det som øydelegg kongar.

4. Det sømer seg ikkje for kongar, Lemuel,det sømer seg ikkje for kongar å drikka vineller for fyrstar å trå etter sterk drikk.

5. Då vil dei drikka og gløyma lovbodaog fordreia retten for alle undertrykte.

6. Men gjev sterk drikk til den som går til grunne,og vin til den som er bitter til sinns.

7. Lat han drikka og gløyma sin fattigdomså han ikkje meir hugsar si naud.

Les hele kapitlet Ordtaka 31