Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 3:8-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Det blir til helse for kroppen,ein styrkedrikk for merg og bein.

9. Æra Herren med det du eig,med førstegrøda av all di avling.

10. Då blir di matbu rikeleg fylt,pressekummane renn over av ny vin.

11. Son min, forakt ikkje Herrens formaning,mist ikkje motet når han refsar.

12. For den Herren elskar, refsar han,slik ein far gjer med ein son han har kjær.

13. Sæl er den som finn Visdomenog vinn seg forstand!

14. For meir er ho verd enn sølv,ho gjev større vinning enn gull.

15. Ho er meir verdfull enn perler,av alle dine skattar er ingen som henne.

16. Langt liv held ho i si høgre hand,i si venstre rikdom og ære.

17. På vegane hennar er det herleg å fara,alle hennar stigar fører til fred.

18. Eit livsens tre er ho for dei som held fast ved henne,lukkelege er dei som støttar seg til henne.

19. Med visdom grunnla Herren jorda,han grunnfeste himmelen med forstand.

20. Ved kunnskapen hans vart djupa opna,og skyene lét dogg drypa.

21. Son min, ta vare på klokskap og omtanke,slepp dei ikkje av syne!

22. Dei skal vera til liv for deg,ei vakker kjede om halsen.

23. Då kan du vandra trygt på din vegog ikkje støyta foten mot noko.

Les hele kapitlet Ordtaka 3