Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 3:15-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Ho er meir verdfull enn perler,av alle dine skattar er ingen som henne.

16. Langt liv held ho i si høgre hand,i si venstre rikdom og ære.

17. På vegane hennar er det herleg å fara,alle hennar stigar fører til fred.

18. Eit livsens tre er ho for dei som held fast ved henne,lukkelege er dei som støttar seg til henne.

19. Med visdom grunnla Herren jorda,han grunnfeste himmelen med forstand.

20. Ved kunnskapen hans vart djupa opna,og skyene lét dogg drypa.

21. Son min, ta vare på klokskap og omtanke,slepp dei ikkje av syne!

22. Dei skal vera til liv for deg,ei vakker kjede om halsen.

23. Då kan du vandra trygt på din vegog ikkje støyta foten mot noko.

24. Du er ikkje redd når du går til ro,og når du har lagt deg, søv du så godt.

25. Du blir ikkje redd for uventa farenår øydelegginga kjem for dei urettferdige.

26. For Herren skal vera ved di side,han skal vakta foten din for snara.

27. Når det står i di makt å gjera det gode,skal du ikkje halda det tilbakefrå den som har rett på det.

28. Om du har noko, sei ikkje då til din neste:«Kom att, i morgon skal du få!»

29. Legg ikkje vonde planar mot din neste,som trur det er trygt å vera grannen din.

30. Trett ikkje med nokon utan grunnnår han ikkje har gjort deg vondt.

31. Misunn ikkje ein valdsmann!Hans vegar må du aldri velja.

32. For Herren avskyr den som er falsk,men talar fortruleg med dei rettskafne.

33. Herren forbannar huset til dei urettferdige,men heimen til dei rettferdige velsignar han.

34. Spottarar svarar han med spott,men dei audmjuke gjev han nåde.

35. Dei vise arvar ære,men dårar må bera si skam.

Les hele kapitlet Ordtaka 3