Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 3:11-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Son min, forakt ikkje Herrens formaning,mist ikkje motet når han refsar.

12. For den Herren elskar, refsar han,slik ein far gjer med ein son han har kjær.

13. Sæl er den som finn Visdomenog vinn seg forstand!

14. For meir er ho verd enn sølv,ho gjev større vinning enn gull.

15. Ho er meir verdfull enn perler,av alle dine skattar er ingen som henne.

16. Langt liv held ho i si høgre hand,i si venstre rikdom og ære.

17. På vegane hennar er det herleg å fara,alle hennar stigar fører til fred.

18. Eit livsens tre er ho for dei som held fast ved henne,lukkelege er dei som støttar seg til henne.

19. Med visdom grunnla Herren jorda,han grunnfeste himmelen med forstand.

20. Ved kunnskapen hans vart djupa opna,og skyene lét dogg drypa.

21. Son min, ta vare på klokskap og omtanke,slepp dei ikkje av syne!

22. Dei skal vera til liv for deg,ei vakker kjede om halsen.

23. Då kan du vandra trygt på din vegog ikkje støyta foten mot noko.

24. Du er ikkje redd når du går til ro,og når du har lagt deg, søv du så godt.

25. Du blir ikkje redd for uventa farenår øydelegginga kjem for dei urettferdige.

26. For Herren skal vera ved di side,han skal vakta foten din for snara.

Les hele kapitlet Ordtaka 3