Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 29:5-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Den som smiskar for nesten sin,set eit garn for føtene hans.

6. Synda blir ei snare for den som er vond,men den rettferdige kan jubla og gleda seg.

7. Den rettferdige kjenner saka til dei fattige,men den urettferdige er utan innsikt.

8. Spottarar hissar opp heile byen,dei vise får vreiden til å leggja seg.

9. Når den vise har sak mot den dumme,blir det sinne eller latter, men inga ro.

10. Dei blodtørste hatar den som er from,men dei rettskafne vil berga livet hans.

11. Ein dåre slepper alle sine kjensler ut,den vise held dei att.

12. Ein herskar som høyrer på løgn,får berre kjeltringar til tenarar.

13. Fattig og undertrykkjar møtest, Herren gjev begge lys i auga.

14. Når ein konge dømmer dei fattige rettferdig,står trona hans fast for alltid.

15. Ris og tilrettevising gjev visdom,men ein gut med frie taumar fører skam over mor si.

Les hele kapitlet Ordtaka 29